Turorientering

Det er veldig populært med turorienteringa til Huglo Idrettslag. Dei 25 postane vert hengt opp over heile øya i forskjellig terreng, og dei er ute frå påska til 1. oktober. Karta får du kjøpt på Huglabutikken.

Sykkelutlån

I sykkelskuret på ferjekaia står det syklar til utlån, med sykkelhjelmar.  Du skriv deg inn i boka når du hentar sykkel, og når du set han tilbake.  Huglo har om lag 9 km asfaltert veg å sykla på, og dei gode badeplassane ligg ikkje langt frå kjøyrevegen.

Turforslag

Huglo byr på mange flotte turløyper, passande for heile familien. Under kjem ei oversikt over dei mest populære turane på øya.

Huglo kultur og natursti

5 km
2
Alle
Ja
Nei

God parkering der turen tek til på Sørhuglo (Tveit), omlag 6 km frå ferjekaien, ved eldhuset til Arne Sortland. Stien går gjennom skogsområde og kulturlandskap. Gjennom løypa finn ein fleire forminner som kvedno, kalkomn, kisgruver, trollskog, kuhidlaren og kjelda til fruktbarheit og visdom. Turen går forbi Tveitavatnet, som er det største vatnet på Huglo.  Og det kan vera minst like kjekt å starta med å gå asfaltvegen som fyrste etappe, mot Tveit, og så enda opp der bilen står utan asfaltmotbakker som slutt på turen.  Då får ein og det brattaste partia som nedoverbakker.

Eit høgdepunkt på turen er Sjønhamar, der ein får utsikt mot Halsnøy, Fjelberg og Etnefjella. Langs stien er det satt opp ulike opplysningsskilt om lokalhistorie, plante og dyreliv.

Naturstien opna i 1994, og vart restaurert 2009–2010.

Rundtur om Røssbø

2 km
0,6
Alle
Ja
Nei

Start på parkeringsplassen på kyrkjegarden. Følg hovudvegen eit lite stykke til Røssbøvegen tek av til høgre. Følg Røssbøvegen over haugen og ned Røssbø og forbi garden, eit gamalt fint kulturlandskap. Vidare går vegen forbi ei hytte og ned gjennom eit le til eit anna tun på venstre hand. Her kryssar ein ei grasbakke og går inn i skogen. Snart kjem ein ut på Vikasanden, eit fint tilrettelagd bade- og friluftsområde. Deretter følgjer ein ein god traktorveg opp til hovudvegen og der nordover til parkeringsplassen. Ein fin tur, som mest går på veg og som passar for dei fleste.

Dersom ein vil bada i fred og frå svaberg/klipper kan ein, i staden for å gå mot venstre litt etter hytta, gå rett fram ned til vatnet. Her er det ikkje nokon «strand», bading passar berre for svømmedyktige. Men her er idyllisk og fredeleg og flott utsikt mot Stord over Langenuen.

Jernstengene–Tveit

X km
< 1
Alle
Ja
X

Her kan ein parkera ved skulen og gå til steinbruddet der stien går til høgre, og gå runden, tilbake til bilen.

Turen startar ved Jernstengene, litt forbi bedehuset på vegen mot Brandvikjo. Stien går gjennom skog og mark, forbi Tveittjødno og kjem ut ved parkeringsplassen på Tveit. Første delen går gjennom Litla Brandviksmark, og her kan ein, om ein vil, ta av og gå ned til Litla Brandvikjo og skogsbilvegen tilbake til hovudvegen. Dette vert ein kortare rundtur på litt under ein time.

Haukanes–Nordhuglo

X km
X
X
X
X

Turen startar ved parkeringsplassen på Haukanes, går forbi første tunet, tar opp til venstre i bakkant av ei hytte og over eit gjerde/le. Stien går så skrått oppover i nordvestleg retning.  Når ein kjem på høgda, ser ein vidt nord- og vestover. Så følgjer ein merka sti vidare, og før det tek til å gå nedover kan ein, om ein vil, ta turen oppom Såto (nesten like høg som Varden). Her har ein flott utsyn både nord- og sørover. Tilbake til stien går det nedover, så over ei myr og etter det går stien over bergknausane nedover mot Nordhuglo, forbi Loftet.

Huglo på langs

X km
4–5
X
X
X

Med utgangspunkt på Haukanes kan ein gå turen mot Nordhuglo. Når ein har gått over myra, og terrenget heller mot Nordhuglo, tek ein av til venstre (sør-aust) og følgjer merka løype (små varder) til Varden. Derfra kan ein ta stien sørover, følgje fjellkammen på høgda og ein kjem ned ved Jernstengene. Derfra følgjer ein løypa til Tveit. Deretter kan ein fortsetja gjennom naturstien. Ein lang og variert tur.

Varden, 218 moh

2 km
0,5–1
Alle
X
X

Parkering på ferjekaien. Varden er det høgste punktet på Huglo. Her har ein vidt utsyn i alle retningar. Å gå til Varden er ein populær tur, og det går mange stiar opp. Frå Nordhuglo startar turen frå Reset, omlag 400 meter opp frå ferjekaien. Ruta er merka og går først gjennom eit par gardstun, for deretter å eit lite stykke på traktorveg. Snart kan ein velja å gå opp forbi Loftet, ei karakteristisk berghylle, eller om Storavatnet.

Tur til bronsegravrøysa

1,5 km
< 1
Alle
X
X

Dette er ein tur som kan høva for ganske små born, den er ikkje lang og med god sti – laga på dugnad, som så mykje anna på Huglo. Du kan gå opp bakken frå ferjekaia, då vil du på toppen treffe på skiltet/pila «Gravrøys» på høgre sida. Kjem du i bil, kan du kjøyra same vegen og litt lenger, og parkera på venstre side av vegen etter at du har kjøyrt gjennom gardstunet og ned bakken til venstre. Følg vegen vidare til godt merkt sti tar av på høgre side inne på hyttefeltet. Gravrøysa har informasjonstavle og den som vart gravlagt her i bronsealderen, hadde høveleg og vakker utsikt sørover fjorden. Turen er omlag 1,5 km lang.

Badeplassar

Huglo har mange flotte badeplassar. Dei tre mest populære er Leiro på Nordhuglo, Vikasanden på Røssbø og Tveitevågen på Tveit.

Vikasanden

Vikasanden er ei godt tilrettelagt strand som ligg like nedanfor Skarvane byggjefelt. Her er det bryggje, og gode moglegheitar for å legge til med båt. Her finn ein også toalett, volleyballbane, grill og bord og benkjar. Vikasanden er også ein fin sykkeltur frå Nordhuglo på omlag 4 km. Kjem ein frå ferja, tar ein til høgre omlag 100 meter etter skulen og bedehuset. Både Leiro og Røsbøvikjo ligg på vestsida av Huglo med utsikt over til Rommetveit på Stord.

Leiro

Leiro er ei fin sandstrand som ligg på Nordhuglo ca ein kilometer sør for ferjekaien og butikken. Det er ei lang-grunn strand, og er difor svært egna for barn som endå ikkje har lært seg å symja. Like ved ligg det også ein fotball og volleyballbane. Kjem ein frå ferjekaien, tar ein av til høgre rett etter brua nedanfor fotballbanen.

Tveitevågen

Tveitevågen ligg idyllisk til på austsida av Huglo. Det er ei fredeleg strand med utsikt til fjella i Kvinnherad. Det er fin sandbotn etter ein har gått eit par meter uti vatnet. Frå ferjekaien følgjer ein skilting til Tveit, og parkerer på snuplassen etter omlag 7 km. Deretter følgjer ein grusvegen vidare ned til sjøen.

Ovnsmuseet på Huglo

På Nordhuglo finst ei eineståande samling av gamle norske jernomnar. Gjennom 30 år har John Bruntveit teke vare på og restaurert omnar og har no truleg den største private samlinga av gamle omnar i Noreg. I 2004 fekk samlinga plass i eit vakkert og særprega hus og vart opna for publikum.

Museet inneheld omlag 50 omnar, dei eldste frå 1850. Her er alt frå dokkekomfyrar til båtomnar og tre meter høge kyrkjeomnar. Omnsmuseet ligg på garden til Eline Bruntveit, omlag 200 meter frå ferjekaien. John og Eline Bruntveit vart tildelt Hordaland fylkeskommune sin kulturarbeidarpris for 2006. John er no diverre død, men Eline driv museet vidare, med omvisningar, aktivitetar og servering for slutta selskaper.

Opningstider:

Heile året. Ta gjerne kontakt med Eline Bruntveit på førehand. Servering etter avtale. Telefon 53 49 56 33 / 920 13 087. Kr 30,– pr. person. Born gratis.