Etter korpskonserten og generalprøven forrige helg skreiv me på huglo.no følgjande, “me vil tru dei kjem til å gjera det bra på Hordablæsten!”. Dette var ikkje ei overvurdering for korpset vart desidert best i sin klasse.
På laurdag deltok dei på Hordablæsten i Greighallen i Bergen, saman med Onarheim musikklag. Felleskorpset vart leia av dirigent Nick Hughes. Dette er ein konkurranse for skulekorps, generasjonskorps, solistar og ensembler, der Huglo deltok i klassen generasjonskorps saman med ni andre korps. Huglo skulekorps skriv på si facebook-side: “Først må me få takke Onarheim Musikklag for eit utruleg hyggeleg samarbeid! Og ikkje minst, den heilt fantastiske dirigenten vår, Nick Hughes som har tatt oss til nye høgder med både kompetanse og speleglede”. Her kan du sjå og høyra konserten i Grieghallen.
Det har gått med litt ekstra øving denne våren og me gleder oss på musikantane sine vegne med den flotte sigeren. Dommarane skriv m.a: ” Spiller med overbevisning, trygt og solid”. Med ei framifrå gjennomføring, god poengsum og flotte kommentarar frå dommarane kan både musikantane, dirigenten og Huglo vere stolte.
I fjor haust deltok korpset på Bømloblåsen, utan onarheim musikklag, og gjekk av med sigeren også her. Les meir her.