Kva må til for å bli kalla “huglar”? Dersom det er å vera fastbuande og attpåtil huglaentusiast, er desse to heilt ekte huglarar. Dei har budd i barnehagen i nokre månader og seier no at dei håpar at dei aldri meir skal flytta – så lenge dei er friske nok til å verta buande.
Dette er Heidrun og Bernt Nüsse, opprinneleg fra Tyskland, men dei har budd på Stord dei siste 9-10 åra. Heidrun hadde feriert mange gonger i ei lita bygd i Romsdal med ca. 100 innbyggjarar og fant ut at ein slik plass ville ho òg bu, ein plass der folk hadde omsorg for kvarandre. Ho fekk seg jobb på Stord, no er ho ansatt i kommunen, og då kom Bernt etter. Så fann dei endeleg barnehagen på Huglo på finn.no, og seier , etter å ha budd her ei tid, at dette var akkurat det dei ønska seg.
Mange har undra seg over “tilbygget” som er sett opp på framsida av huset. Det er kattegården til 6 medbrakte kattar. Dei to eldste er heilt frå Tysklands-tida og er ikkje van med å vera ute, dei 4 andre har kome til etter kvart.
Begge to snakkar godt norsk, og kjenner seg heime og velkomne på Huglo. Bernt strevar med førlegheita etter to hofteoperasjonar, men reknar med å kome seg på beina med fysioterapi og trening. Og då skal det bli masse blomar i hagen!
Huglo.no ynskjer lukke til og håpar dei finn seg godt til rette, og etter kvart kan ta del i Huglo-samfunnet. Harteleg velkomne!