Om Huglo

Med sine omlag 100 fastbuande ligg Huglo som ei frodig naturperle midt i inngangen av Hardangerfjorden. Eit flateinnhald på heile 13,4 km2 gjer Huglo til den nest største øya i Stord kommune. Og tross få innbygjera, har øya eit levande lokalsamfunn som er opptekne av å ta vare på kvarandre og skape ei triveleg atmosfære.

Huglo har eit godt ferjesamband til både Tysnes og Stord, og med den korresponderande lokalbussen er det både raskt og enkelt å komme seg frå og til øya.

Arbeidsplassane på Huglo er stort sett knytt til jordbruk, skule og skjeloppdrett. Men mange vel også å ta ferja over nuen for å arbeide eller gå på skule der.

Mildt klima og kalkrik grunn gjev grobotn for eit rikt planteliv. Landskapsvernområdet på austsida av øya har Norges største samanhengande kristorn- og barlindskog. Her er óg fjelltoppar med vidt utsyn over Sunnhordland.

Huglo er ein populær stad for ferierande. Vikasanden, ei av dei mange flotte badeplassane på øya, er lagt tilrette med toalett, brygge, stor grill og plass for ballspel. Kvednavikjo er det ei fin hamn for småbåtar.

Rundt øya finn ein mange gode fiskeplassar, og på Nordhuglokaien foran huglabutikken kan du om laurdagane få både kaffe, varme skillingsboller og gode fiskehistorier.