Dei siste månadene har redaksjonen for huglo.no fått hjelp av kommunikasjonsbyrået Sydvest AS til å revidera hugla-sidene. Oppmerksame lesarar har vel sett at me no har kalenderen opp og går (endeleg!), at mesteparten av teksten på sidene er revidert, at det no er moglighet for ei lita annonse retta mot huglarane, og at sida no er lesbar på mobiltelefon!
Litt manglar det enno av den siste finpussen, bl.a. treng me fleire og meir relevante bilete til nokon av sidene. Har nokon eit fint turbilete frå Huglo dei vil dela med oss? Send det til hedvflornes@hotmail.com.
Noko du meiner er feil eller kunne vore gjort betre? Har du noko du vil ha inn på kalenderen? Send eit tips til same mail-adressa.
Som sagt, me er ikkje heilt ferdige, men er i sluttspurten! Så håpar me at lesarane våre vert nøgde med dei “nye” sidene.