1. oktober: Hummarfiske!

Hummer og gutter 1Dette er ein sers viktig dag for nokon av oss. Agn har vorte samla i omkring 2 månader, så sjølv om fisken (hest feit fisk som berggylte) er salta, luktar det ILLE! Salget at eingongshanskar på Huglabutikken når nye høgder i hummarfiskesesongen. Båten, fullasta med teiner, går 1.oktober ut klokka 07.30 for å liggja klar på dei beste plassane presis klokka 08, då går dei fyrste lovlege teinene i sjøen. Her gjeld det å vera tidleg ute, både Halsnøybuarar og folk frå Kvinnherad elles har funne ut at det er rundt Huglo hummaren står tettast.
Fyrste trekking var altså 2.oktober om morgonen, og heilt nedslåande var det kanskje ikkje? Klikk på biletet og sjå ein av arten som kom på land på Huglo. Og det er mange dagar og mykje agn att!!