Natta mellom 1. og 2. oktober var stjerneklår – og kald! Rimfrosten låg i graset før sola smelta han. Men så blei det ein strålande dag av klårveret – me toler fleire frostnetter dersom dagane er som 2. dagen av hummarfiskesesongen. Men blomekassane er no eit trist syn, det er berre å sjå i kvitauge at vinteren er like om hyrnet. Best å finna fram varmt skotøy, greit å vera budd.
![Morgen 2.10.](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2013/10/Morgen-2.10.-424x212.jpg)