17. mai på Huglo

17.mai-tog 2010
17.mai-tog 2010

Det vert tradisjonell 17. mai på Huglo i år òg.  Me startar med flaggheising og nasjonalsong på skuleplassen kl. 10.30.  Ord for dagen vert anten her eller i gymsalen, avhengig av veret.  Det vert gudsteneste kl. 11.00, så går me i tog med Huglo Musikkorps i spissen.

Til matøkta i gymsalen tek alle med seg eigen mat og kaffe.  Ungane får utdelt brus.  Det vert sal av fine kaker, saft, is og ekstra kaffe.

Etter maten vert det leikar ute og/eller inne, alt etter ver:  Trillebårløp, kasting på boksar, slå i spiker, sekkeløp, fiskedam, pil og bue-skyting, gå på stylter.  I år vert det ei endring på premieringa, idet me avsluttar med at alle ungar får ein skikkeleg premie som takk for deltaking og gratulerar med dagen.  Det vert berre resultatpremiering i hesteskokasting, i to klassar:  barn og vaksne.

Og om kvelden er det fest i Bedehuset-

Kommunen har i år løyvd kr. 4000 til 17.mai feiring på Huglo.  Kommiteen takkar og vil nytta heile beløpet til ein strålande 17. mai, anten det vert ver eller uver.

Sara Marie får skyss av morfar
Sara Marie får skyss av morfar