Ein treng ikkje vera huglar for å vera glad for at vermelding er ein unøyaktig vitenskap. Etter særs dårlege meldingar for i går, fekk me ein utruleg fin solskinnsdag! Dagen vart akkurat slik med ynskjer: Sol, smil, fine bunader utan rengtøy utanpå. Dagen starta med flaggheising på skuleplassen, gudsteneste og 17.maitog der alt som kan krypa og gå deltok. Imponerande at Huglo “skule”korps kan mønstra 16 musikantar, sjølv om ikkje alle dei faste kunne koma heim til dagen.
Ord for dagen var det Solveig Grønsdal som sto for. Talen er gjengitt i eige innlegg.
Så var det matøkt med medbrakt, og sal av kaffe og kaker. Av 9 flotte kaker var det berre smuler igjen då leikane starta. Nytt av året var 60 meters løp for foreldre og barn, det var fiskedam, hesteskokasting, ein kunne skyta mot ei rotte med luftgevær (rykte seier at rotta overlevde), og dei minste kunne prøva ringspel. Musikklaget lodda ut 10 iskaker, og tradisjonen tro fekk dei god støtte frå huglarane.
Men det mest populære for dei vaksne var nok å sitja i solveggen med kaffekopp og is og drøsa og nyta varmen, vel vitande om at rett rundt hjørnet lurte det neste lavtrykket.
Takk til 17. maikomitèen og alle dugnadsarbeidarar. Det ligg mykje arbeide bak eit slikt arrangement!