Solveigs 17. mai tale

Gratulerer med dagen alle saman!

Då er dagen her igjen – denne dagen då me finn fram og stryk norske flagg, og tek på oss flotte og staselege nasjonaldrakter, som gjev eit uttrykk for identitet og tilknyting til det norske me sjeldan elles ser. Me samlast på små og store skular i bygd og by, feirar grunnlova vår, og minner kvarandre på alt det som gjer Norge til eit godt land å bu i .

Sett utanfrå ser me kanskje litt rare ut. Eg har sjølv feira 17.mai i andre land, og vore både litt sjølvmedviten i forhold til korleis dette uttrykket for nasjonalisme ser ut i andre sine auge, men og kjent på eit behov for å ta vare på og vere stolt av det å vere norsk.

Ein kan jo lure på kvifor 17.mai framleis er ein så viktig dag – det er trass alt over 200 år sidan grunnlova vart laga, og fred, velferd og demokrati har allereie prega landet vårt i lang tid. Kan me ikkje snart ta dette for gitt? Eller er det slik at me framleis treng å hegna om verdiane me set pris på? Er det framleis rom for forbetring? Eller er det typisk norsk å allereie vera best?

Eg veit kva for nokre verdiar eg set pris på ved landet vårt. Det at me ser på kvarandre som grunnleggande like er ein av desse. Me skal ha like rettar, plikter og mogelegheiter til eit godt liv, og me fortener same grad av respekt og toleranse. Ja om ein er direktør, sjef for Huglo skulekorps, eller berre ein heilt vanleg innbyggjar, er me like mykje verdt, like gode borgarar av Noreg og ser på kvarandre som likemenn og likekvinner.

Men stadig høyrer me om forskjellsbehandling, som for eksempel sosial dumping. Faktisk er arbeidsinnvandrarar meir utsett for sosial dumping i Norge enn i andre land i Norden. Det verkar som om fleire og fleire synest det er greitt at folk vert behandla ulikt – det er greitt å betale nokon kvitt og andre svart, nokon synest til og med det er greitt at born som er født og oppvekst i Norge plutseleg kan miste statsborgarskapet sitt og bli sendt ut av landet. Det er av og til så eg må klype meg i armen. Er det dette som er Norge? Alle er like men nokon er likare enn andre?

Likebehandling i arbeidsmarknaden, og i forhold til lov og rett er viktig – men det betyr ikkje at me treng vere like på alle område.

Det er mange i Norge i dag som har andre kulturar, religionar og språk i bagasjen, enn det me tenker på som typisk norsk. Mange nordmenn har opphav (for kortare eller lenger tid sidan) i andre land, inkludert kongen sjølv som har slekt i både Danmark og England. Han er i følgje SSB ein av 1,1 millionar nordmenn som har innvandrarbakgrunn, altså har han ein eller fleire foreldre eller besteforeldre som ikkje er født i Norge.

Kongen heldt ein tale i Slottsparken i fjor der han snakka om kva Norge og nordmenn er – og det viste seg å vere alt mogeleg.

«Nordmenn er nordlendinger, trøndere, sørlendinger – og folk fra alle de andre regionene. Nordmenn har også innvandret fra Afghanistan, Pakistan og Polen, Sverige, Somalia og Syria. Det er ikke alltid så lett å si hvor vi er fra, hvilken nasjonalitet vi tilhører. Det vi kaller hjem, er der hjertet vårt er – og det kan ikke alltid plasseres innenfor landegrenser».

Norge er med andre ord oss alle.

Kong Harald har og seinare sagt om det fleirkulturelle samfunnet at det gjer norsk kultur rikare, samstundes som han meiner me skal halde fast ved det norske. Me treng ikkje sleppe tak i det, sjølv om nye impulsar har kome til. Me sluttar ikkje med bunad fordi ein i turban går saman med oss i 17.maitoget, snarare tvert i mot. 17.mai vert av mange trekt fram som eit godt eksempel på inkludering – den dagen me tenker på som det norskaste av alt – er ein dag då mange nye nordmenn seier dei kjenner seg som ein del av det norske fellesskapet. Politikar og organisasjonsmann Shoaib Sultan fortel om kjensla av å høyre til både som barn og vaksen på 17.mai, og vil ta omgrepet nasjonalisme tilbake. Nasjonalisme er ikkje å bygga murar og stenge ute, men det handlar om å vere stolt av det som er bygd av dei som kom før oss, samtidig som me fortset å bygge det samfunnet våre born skal arve.

På ein dag som denne kjem eg ikkje utanom sjølve demokratiet – stemmeretten me alle over 18 har til å velje retning for Norge. Det er valår i år og det er viktig å minne oss sjølv og ikkje minst den yngre generasjonen på at det å stemme ved val er og ein viktig del av det å vere norsk. Me har sett val i fleire land rundt oss i det siste – val med sterke motsetnader og med store konksekvensar av valresultatet. Det verkar som vår del av verda – slik me har kjent den etter 2.verdskrig – er i endring. Då er det enno viktigare å verne om både demokratiet vårt og dei verdiane me held høgt.

Heilt til slutt vil eg slutte meg til Kong Harald sine ord om sitt syn på Norge i dag og det håpet han har for oss alle.

 

Mitt største håp for Norge er at vi skal klare å ta vare på hverandre.

At vi skal bygge dette landet videre – på tillit, felleskap og raushet.

At vi skal kjenne at vi – på tross av all vår ulikhet – er ett folk.

At Norge er ett.

 

Då ynskjer eg dykk alle ein strålande 17.mai!