På biletet ser Huglabutikken nærast stengd og forlaten ut. Men det er eit feil bilete av aktiviteten denne sumaren, fortel butikken sin primus motor, Wenche. Sumarmånadene har vore noko betre enn i fjor, trass i mykje nordavind og særs vekslande ver. Og svinnet, den store svøpa for bitte små matbutikkar, har vore omtrent på null. God planlegging frå dei som har hatt ansvaret for å bestilla varer, meiner huglo.no. Og Wenche skryt av feriehjelpa butikken har hatt. Hilde har greid seg bra med ansvaret ho har hatt, skryt Wenche.
Eit problem har vore at sjølv om lovnadene var fagre, har grossisten ikkje klart å levera varer til Huglo meir enn ein gong i veka, så lagerkapasiteten har vore omtrent sprengd på onsdagane, leveringsdagen. Og varebilen kjem på kveldstid, så den huglarske dugnadsanden har kome vel med! Ferske brød har det vore kvar dag i sumar, men no er me tilbake til kvardagen med brød 3 gonger i veka, og elles butikksteikte eller frosne.
Og butikksumaren er nok på det næraste over for i år – sjå vinteropningstidene her
Planane for levegg og leikeplass har lege på is i sumar, men no vil dei verta tatt opp att, fortel Wenche. Det finnast prosjektmiddel til nærmiljøtiltak rundt nærbutikkane, men Merkur sine reglar er under endring, så ein må venta litt med å få sendt avgarde ein søknad om pengar til desse tiltaka. Sikkert er det at ein liten leikeplass og ein skjerm frå nordavind og vatn ville gjera gjestehamna meir attraktiv!