12,02 kroner kostar det for ein liter med bensin på huglabutikken, og for ein liter farga diesel må du betale 7,68 kroner. Dette er veldig billig i forhold til andre stadar rundt om i distriktet.
Hilde Eikeland som er sommarvikar på huglabutikken fortel om ein som kom med båt og fyllte diesel på Huglo fordi det var ei krone billegare enn der han hadde fyllt sist. Han sa og at det var enda dyrare på Husnes.
Det er altså veldig lurt å kjøpe drivstoff på Huglo, for då sparar du nok pengar til å kjøpe enda ein is…