På programmet sto val, gjennomgang av årsmeldinga for 2013 og reknskap, informasjon om arbeidet med Bulystprosjektet, innspel frå medlemmene i salen om ting som opptek dei. Og som alltid på Huglo: Mat og kaffe.
Styret for 2014:
Øystein Huglen – leiar
Nils Elde – kasserar
Kirsti Heggland – styremedlem
Gro Anita Nesse – styremedlem
Øyvind F. Sortland – skrivar/styremedlem (kjem til å ha en del fråvær, varamann må møta)
Ragnhild Svendsen – 1.vara
Hege Elin Haukanes – 2.vara
Hedvig Flornes – revisor
Øystein ynskte dei tre familiane som har flytta til Huglo siste året, hjarteleg velkommen, med blom og spørsmål om dei likte seg på Huglo. Noko alle svarte positivt på. Øyvind fortalte at Bulystprosjektet har fått midlar for 2 nye år. For utleigebustaden i Samsonhagen har kommunen gjeve tilsagt om 4,2 mill. som rame, i budsjettet for dette året. Dette er eit avdragsfritt lån i 5 år, Bygdalaget betalar renter, noko som forutsetter utleige av huset. Etter 5 år skal huset selgast – dei som bur i huset får fyrsteretten – då skal salsprisen dekke kommunen sin investering. Kommunen er byggherre, bygginga av huset skal ikkje gjerast på dugnad, men Bygdalaget er ansvarleg for drift av huset og økonomisk ansvarleg for at kommunen får igjen investeringen. kommunen er i kontakt med yrkesskulen, huset må byggjast så billigt som mogleg slik at det vert salgbart. Bulystprosjektet vil i dei to neste åra ha fokus på utleigebolig, dugnad der det er høveleg, næringsutvikling (idèar her?), tilskifingar og kultur. Dugnadstimar får bygdalaget dekt av Bulyst.
17.mai komitè: Bygdalaget tar ansvar og delegerer.
Tatt opp frå salen:
* Bør husbygginga haldest på eige reknskap for lettare å skilja ut utgifter og inntekt frå Bygdalaget sitt løpande reknskap?
* Fastlandsforbindelsen. Her står det igjen litt reguleringsarbeide, Tysnes har løyvd pengar, Stord ennå ikkje.
* Fibernette har for liten kapasitet. Øystein tar dette opp med SKL.
* Informasjonstavlo på Nordhuglo må reviderast og pussast opp.
* Kor skal utleigesyklane stå (skur er laget på Yrkesskulen). System for betaling, eller gratis bruk?
* Rydding og rengjøring på dugnad i samfunnssalen. Dette må gjerast før ryddedagen 26.april. Alle brukarane av salen må rydda og
vaska etter seg.
* Vegane på Huglo: Styret sender nytt brev til vegvesen og kommunen.
* Utvendig vedlikehald: Ny dialog om gratis maling og dugnad, med eigaren Stord kommune.
* Hugladag til sumaren? Bygdalaget tar møte med lagene.
40 personar var på møtet, som var godt og aktivt. Det vart servert smurte rundstykker, og Bygdalaget spanderte ei stor, flott og god kake.