Mange har satt mange garn i det siste, utan særleg hell. 5 garn og to små torskar er ikkje noko å skryta av. Men kanskje skulle ein tenkje litt nytt og så smått bevega seg litt bort fra dei vante stadane, som kanskje er oppfiska? I dag tok i alle fall ein båt frå Huglo to store longar, ein fin steinbit og ein kjempelyr, i tillegg til alle dei vanlege palane og småtorskane på stakkarslege ca.2 kg. Kor? Tja, eigentleg er jo slike opplysningar hemmelege, som kantarellstader om hausten, men det kunne kanskje løna seg å bevega seg mot fyret på Grov . . . . eller mot Skårsida av Tysnes . . . . .
Tags: Fiske
Del dette innlegget