Nokre minner ifrå aprildagane for 70 år sidan.
Våren 1940 var eg 8 ½ år gamal, og den 9. april vart Noreg herteke av Tyskland. Eg minnest at Far kom heim frå arbeid på Flatråker denne dagen. Det var ein dyster stemning heime. Far sa at han var nøydd å reisa der som han var innkalla til krigsteneste. Han høyrde til dei litt eldre mennene og det var dei yngste som først vart kalla inn.
Det var ikkje så mykje me såg til krigshandlingane den første dagen, men ein av dei aller første dagane kom dei springande opp ifrå Vågen og sa det kom ein stor dampbåt inn på vågen. Me sprang bort på Høgestølen for å sjå. Ein stor svart båt med høg skorstein kom sigande inn forbi Rauaneset. Eg minnest at Bestemor gret, og me andre var vel ikkje så høge i hatten nokon av oss. Me trudde det var tyskarane som kom, for me såg folk om bord som hadde uniformer på seg. Båten seig inn mot kaien til onkel Peder og han gjekk ned imot sjøen. Dei snakka til han i frå båten og han forstod straks at det var norske marinesoldatar som vår om bord. Han ropte dette oppover til oss og eg minnest at me ikkje vart så redde meir. Nokre av soldatane hoppa på land og kom oppover mot Stølen. Ein eller to av mennene var offiserar, dei hadde gule snorer på armane. Me såg at båten heitte ”LINDAAS”, i eige av Lindås og Masfjorden Dampskipsselskap. (Det kan lesast meir om denne båten i heftet ”Bergenske Fjordabåter”)
Denne båten vart rekvirert av den norske marine hausten 1939 før krigen kom til Noreg. Natta til 9. april låg den i Lærøyosen sør for Bergen. No hadde den fått som oppdrag å rekognosera og melda ifrå om tyske båtar og liknande fiendtleg trafikk i området Sunnhordland.
Soldatane om bord skulle setja ut ein vaktpost på Huglo, for å halda auga med skipstrafikken i fjordane rundt øya. Far og onkel Peder vart med dei som kjentfolk og viste dei først til Skjønhammar. Deretter bar det opp på Ørnahaugen. Her fann dei ut at det var beste plassen for ein vaktpost. Dei strekte telefonlinje opp i frå Vågen, to raude trådar minnest eg og dei passe heile tida på at desse måtte liggja godt skjult for innsyn både ifrå luft og land. Det militære telefonapparatet vart kopla til telefonen i huset i Vågen.
Offiserane var redde for at tyske fly kunne koma og finna båten som låg ved kaien midt i Tveitevågen. Eg minnest dei spurde ut far om kor djupt det var utover imot Kvednavikjo. Dei såg at det var meir skjul for fly der under dei høge furutrea.
Tre norske marinesoldatar vart så stasjonert i Tveitevågen. Ein var ifrå Oslo, ein ifrå Fana, som seinare har vore i Tveitevågen på vitjing eit par gonger etter at krigen var slutt. Den tredje, som var ein litt eldre kar, veit eg ikkje kvar han var ifrå. Karane sette vaktpost oppå haugen og skiftast om å vera vakt der døgeret rundt.
”LINDAAS” lurte seg ut igjennom Furuholmsundet og gjekk over til Klostervågen. Her veit me at båten vart liggjande i skjul bakom ein liten holme til den 8. mai, då reiste mannskapet i frå den. Båten vart seinare funnen av tyskarane og gjekk som tysk vaktbåt under heile krigen.
Nokre dagar etter at vaktsoldatane installerte seg i Vågen kom onkel Peder heim med ein del materialar i båten sin. Dei skulle byggja til ei lita vakthytte opp på Ørnahaugen. Me største gutane var med og bar materialane opp saman med dei andre karane på Tveit, og vel også nokre ifrå Sørhuglo. Eg minnest Birger Sørhuglen , Georg Hope, Far, onkel Peder og Peder Tveit. Huset som vart sett opp var ikkje stort, eg tippar knapt 2 x 2 meter. Der var døropning men ikkje dør. På sør og austsida var der gluggar som dei kunne halda utkikk igjennom og så var der ein liten benk til å sitja på. Utvendig vart hytta dekt til med furubar over det heile, også oppe på taket, og den vart plassert innunder nokre små furutre.
Som ein liten kuriositet kan eg fortelja at ei tid etter at marinesoldatane var reiste heim, så måtte hytta på Ørnahaugen fjernast, og spor etter aktiviteten der måtte sjulast best mogeleg. Hytta vart plukka ned, og oppattbygd som ”pissoar” på skulen. Her vart den til nytte for oss gutane like til nytt skulehus vart bygd i 1953.
Eit anna minne eg har i frå tida då vakthytta var i bruk var ein morgon eg skulle jaga smalen til skogs. Me gjorde alltid det før og det var eg som hadde fått den jobben. Denne dagen klauv eg opp på Ørnahaugen, for å sjå kva vaktmannen gjorde på. Vaktmannen, som var der då, snakka i telefonen heile tida alt medan han såg i kikerten sin på ein stor lastebåt som hadde stansa opp ute i Langenuen litt sør for Rommetveit. Den var på veg nordover. Ein mindre militær båt krinsa rundt den store båten og gjekk heilt opp til sida på den. Så fekk me sjå at begge båtane snudde om og sette kursen innover forbi Huglahammaren og inn Hardangerfjorden. Dette var truleg ein onsdagsmorgon. Søndagsmorgonen kom dei to søskenbarna mine, Arne og Knut, opp til oss med fanget fullt av flotte appelsinar. Då fekk me også høyra historia om den store båten som vart kapra i Langenuen nokre dagar før. Den var lasta med appelsinar, og den hadde gått like til Granvin og lagt seg til der. Skorpetveitskøyto, som me kalla den, hadde og vore inn til Granvin med norske soldatar som skulle melda seg til krigsteneste på Voss. No hadde den fått ei mengd med appelsinkassar med seg heimover att og det var av desse kassane onkel Peder hadde fått nokre av.
Heimover ifrå Granvin hadde Skorpetveitskøyto også med fleire flyktningar ifrå Bergen. Mellom anna var Synneva og Johanne Brandvik, og son til Synneva, Rolf, med på skøyta utover. Dei hadde kome seg ifrå Bergen med toget til Voss, og derifrå også med tog ned til Granvin.
Seinare kom far heim med to kassar med appelsinar. Trur det var fem kroner han gav for dei. Appelsinane held seg bra og me hadde appelsinar like til langt ut på sommaren, både blodappelsinar og vanlege gule. Eg minnest at dei var svært søte og gode. Appelsinkassane var heller ikkje slike små pappøskjer som me ser i dag, nei det var store kassar av tre, mest ein meter lange og ca 30 cm breie og djupe. Kvar kasse var inndelt i to eller tre rom. Slike tome kassar var det fleire som bruka til nattbord seinare kan eg minnast.
Arne Sortland.
Eg var 6år då krigen kom til Norge.Huskar den fine solskinnsdagen då alle dei vaksne var så triste,så eg fann trøst i dei nyfødde lamma som leika ute.ja.eg huska godt den svarte båten som kom,dei raude telefonl.vakthytta og appelsinene.Godt skreve!
Flott skreve, ja!
Det er viktig at me som er unge får kjennskap til denne historia vår, og me må ikkje gløyma det som skjedde.