Ein skal tenka seg om før ein flyttar rundt på ting i hagen! Her ville Tveit-boerna flytta ein rohdodendonbusk og vips: så var hagen freda! No er spesialistane komne, tre arkeologar har fjerna topptorva og ligg no på kne og skrapar forsiktig i jorda. Og dei fortel at det er spanande. Allereie har dei funne ein jernbolt som har vore brukt til å halda saman to treplater, kanskje i ein båt, kanskje i eit skjold – akkurat der kor busken sto. Jorda ber preg av at det er brendt materiale i ho, og steinana som har kome fram under torva, er brakt dit og plassert. Dei to arkeologane frå Island Huglo.no sin utskremde medarbeidar snakka med, fortalde at dersom det gjer fleire interessante funn som kan stadfesta at dette er ein grav, trur dei ar dei andre haugane tett ved òg er gravhauger. Dette kan verta eit langtidsprosjekt!
Huglo.no vil følgja opp etter kvart som arkeologane går frå graveskeier til små kostar for å sortera jord frå oldtidsfunn.