Biblioteket på Huglo


Som du ser, vert det framleis bibliotektenester på Huglo. Dagane står her. Du kan bestilla vaksenbøker frå biblioteket og henta dei på Huglo når dei vert ledige. Eit lurt tips for å få tak i heilt nyutgjevne bøker er å gå inn på biblioteket si heimeside (den finn du på stord.kommune.no), finn ruta for “Tips til innkjøp” før boka kjem ut, skriv inn den boka du ynskjer deg og klikk også på “Bestill”. Då vert du ståande fyrst i køen til dei mest populære bøkene. Gjev du biblioteket e-postadressa di, får du melding på e-posten når boka er klar. Du må berre be om at boka vert sendt til Huglo med neste sending – dersom du ikkje vil henta ho. Smart?