Til 4 personar treng du:
12 plommer – sånn ca,
smør til forma eller 4 porsjonsformer,
1 1/2 dl kveitemjøl, fint eller sammalt fint,
3/4 brun farin, litt vaniljesukker,
75 gram smør,
50 gram hakka hasselneter
Del opp plommene og dekk botn av forma el. formene med dei
Hakk netene eller kjøyr dei i food prosessor, tøm dei då ut før du har oppi mjølet, sukkeret, smøret og vaniljesukkeret. Kjøyr dette saman, ha i netene mot slutten. Strø dette over plommene. Stein forma eller formane i omn på 200 grader, små formar 15-20 minutter, stor form 20-25 minutter. Smakar best nesten rett frå omnen. Vaniljekesam, is eller piska fløyte er godt til.
Har du gjester til sundag middag, kan du setja inn forma/formane når måltidet startar.