Mange har kanskje fått øyrene opp for bandet til Cecilie Anna Hope, Familieforetaket. 4.juni slapp dei debutalbumet sitt “going north” (albumet får du kjøpt på Huglabutikken). Dei har laga musikkvideo til “Horses”, filmen er spelt inn på Huglo hos fam. Sørmoe-Huglen.
Cecilie Anna skriv følgande til huglo.no:
“Jentene gjorde ein kjempeinnsats då me var der i jan. i år. Tiril instruerte hesten Galdur og fekk den til å springa og gjera triks. Det er hennar hest, medan Veslemøy tok seg av ridestunta.”
Filmed and directed by Oda “Pixel Queen” Hveem.
Starring “Marie “Floating Lilly, Hidden Tiger” Biringer,
Cecilie Anna “The Brain”
and Galdur “The Horse”.
Stunts: Veslemøy “Wildchild” Huglen.
Horse trainer: Tirill “The Specialist” Huglen