Søndag 21. juli arrangerer Huglo IL turløpet “Varden opp!” for femte gong. Starten for løparane går frå Vikasanden klokka 13:00. Startkontigenten er på kr 30,- for dei som vil delta og springe på tid.
Starten på motbakkeløpet går altså frå Vikasanden og bratt opp til hovudvegen. Derfrå følgjer løypa asfaltert veg ned til 1913 før den går vidare slagt oppover skogsveg, sti og myr. Så gjeld det å ha spart litt krefter til den verkeleg bratte stigninga mot slutten.
Det vil vere ein dameklasse og ein herreklasse, og rekordane som deltakarane skal forsøkje å slå er:
Dameklasse: 14:47 – Kristin M. Stemland (2011)
Herreklasse: 14:21 – Jørgen Austvik (2012)
Idrettslaget vil lage bål og sel brus og kaffi på toppen.
Dette er ein ypperleg moglegheit til å teste sommarformen, enten du spring eller går til topps! Så får me berre håpe at deltakarane kan sjå sola mens dei spring dette året..