Bokbåten Epos kjem til Huglo laurdag 28. mars kl. 10 – 11. Kulturprogrammet denne gongen er eit møte med forfattar og illustratør Reidar Kjelsen, som skriv lettles-bøker for dei yngste lesarane. Han fortel om yrket sitt, og presenterer bøkene sine og originalillustrasjonar. Høgdepunktet er gjerne teikninga av monster på flip-over etter beskrivingar frå barna. Målsettinga med opplegget er å gje barna auka leselyst, spesielt dei gutane som ikkje trur at bøker er tøft. Programmet høver best for barn i skulealder.
Bøkene du har lånt, kan leverast i Huglabutikken eller til Åse seinast mondag 23.mars.
![bokbåten Epos](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2010/11/DSC_0089-800x400.jpg)