Så var det framleis innevêr. Greit nok, for no er tida inne for å gjera ein innsats på boligmarkedet. For fuglane denne gangen. Nye husvere for folk må me venta på kommunen for, og det tar mykje lengre tid, veit me.
Til fuglekasser velger me uhøvla bord, i alle fall bør innsida vera uhøla, det gjer det lettare for fugleungane å klatra opp til holet når dei ein gang skal ut. Gamle trykkimpregnerte bord gjev frå seg giftig gass og må ikkje brukast her. Og huset må vera konstruert slik at det etter ein sesong kan reingjerast før neste leigetakar flyttar inn. Har du litt turt gras e.l. å leggja i botnen, kjenner fugleparet seg ekstra velkomne.
For dei vanlege småfuglane våre, som spurv, kjøttmeis, linerle o.l. kan botnen på kassa vera 10 – 13 cm i botnen, 20 cm høg. Hôlet er viktig, det må ikkje vera for stort, 35 – 40 mm i diameter.
Biletet (klikk på det for å sjå heile) er døme på to typer kasse, rødstrupe, linerle og gjerdesmett vil helst ha type II. Gråspurv og stær vil ha type I, stæren litt større, f.eks. 20x20x45 cm, med 45 mm hôl. Gjerdesmetten vil ha ei lita kasse, 80x80x80 med 30 mm høg spalteopning. Og ikkje nok med det: De forskjellige artane har forskjellig ynskje om kor høgt dei vil bu. Gjerdesmetten og rødstrupe likar å bu lågt, 0,5 -2 meter over bakken,kjøttmeis 1,5 – 2 meter, mens gråspurv likar seg i bolig over 2 meter frå bakken. Gråspurv er sosiale fuglar, dei opptrer gjerne i flokk, og kan godt bo i rekkehus, ei lang kasse med skiljeveggar og eigen inngang for kvar leiligheit.
NB: Fuglekassa må ikkje hengjast mot sør, det vert for varmt for fuglungane!
Vil du lesa meir, har biblioteket bøkene. Trond Vidar Vedum: Fuglekasser og fugleforing kan òg lånast som e-bok, sjølv har eg glede av Per Bergenholz: Fuglebrett og kasser du kan snekre selv.
Me ser fram til bilete av mange fuglekassar på huglo.no!