Bokbåten kjem til Huglo 23.november kl. 13.00 – 14.30. Rett etter ankomst vert det program med klovnen Knut (Berntsen), bokbåten sin populære kulturveteran. Stykket han har med i år heiter “I regnbuens farger”. Det er omtala som ei underhaldande og litte grann lærerik framsyning om fargar. Ved hjelp av humor, trylling, musikalske sprell og rare eksperiment viser Knut oss kor fargane kjem frå og korleis ting får farge. Stykket passar for alle frå 4-årsalderen og oppover.
Bøkene du har lånt, kan leverast i Huglabutikken eller til Åse innan 5. november.