Bokbåten vitjar Huglo laurdag 22. november kl. 16.00 – 17.30. I år er det Per Jostein Aarsand me møter om bord straks båten legg til kai. Programmet seier at “han bergtek sitt publikum med historia om verdas snillaste og gata sin sterkaste hund, rottweileren Rocky. Per Jostein har med gitar, og alle er med og syng undervegs i framsyninga. Vi kjem tett inn på historia om Rocky, og alle som har hatt eit kjæledyr vil la seg fengsle av denne vakre historia. Stykket høver for alle frå 3 år.”
Bøkene du har lånt, kan leverast til Åse eller i Huglabutikken seinast 18. november.
Kulturprogrammet på bokbåten er støtta av Den kulturelle skulesekken og av Folkeakademiet i Hordaland.
Velkommen!!