“Me har draumt om å bo i Norge, på Vestlandet, i mange år”, fortel Aleksandra og Michal. Dei er intereserte i eldre europeisk historie, og Vestlandet har mange fornminner. Dei budde 8 år i Skottland der dei studerte engelsk litteratur (Aleksandra) og musikk (Michal). For om lag 3 år sidan dro dei til Flåm for å gifta seg. Der var ungdomsvenene deira, dei som etter kvart flytta til Huglo. Etter at venene busette seg i barnehagehuset og stortrivdes, bestemte Aleksandra og Michal at dit ville dei og. Dei dro frå Skottland til Huglo og Brandvikjo med sonen Einarr. Og i mars kjem det ein ny liten huglar i familien.
No er det store spørsmålet å få seg jobb. Michal har hengt namn og telefonnummer på oppslagstavla ved bedehuskapellet. Han er utdanna musiker og instrumentmakar, og håper å kunna jobba innen faget sitt etter kvart, men førebels og som midlertidig jobb tar han omtrent kva det skal vera. Aleksandra skriv poesi – på engelsk – førebels har ho nok å gjera med lille Einarr, førebuing til ny baby og å verta kjent på Huglo.
Dei får dagane til å gå med “jobhunting”, å lera seg norsk, og Michal svømmer nesten kvar dag i fjorden(!!!). Han er hermed invitert til å ta del i julesvømmingen som nokre tøffe damer har på Nordhuglo om føremiddagen 24.desember.