Bokbåten Epos’ vårtur

Bokbåten kjem til Huglo torsdag 7. mars, kl. 17.30 til 19.00.

Kulturprogrammet startar kl. 17.30.  På denne turen er det språk, musikk og lyd som står i sentrum, med Sofia og Eliana frå Sverige og Italia.

Bokåret 2019 er no i gang.  Det er 500 år sidan den første boka vart trykt i Noreg.  Og som alltid har bokbåten med gamle og nye bøker og gode råd til den som vil finne noko heilt spesielt å lese.

Bokbåten ynskjer velkomen om bord i Vestlandet sitt flytande kulturhus.