Endeleg kommunalt vatn på Tveit

Denne veka har fleire husstander på Tveit endeleg fått kopla seg på det kommunale vatnet. Arbeidet med å leggje leidningar starta i fjor vinter. Det har i fleire år vore spurt om kommunen kunne leggje vassleidningar vidare frå Sandveibrekko til Tveit. Det var difor ei positiv overrasking da kommuen fant midlar til å kome med kommunalt vatn til Tveit. Nokre har allerie kopla seg på, og resten av husttandane grev for tida stikkleidningar og ser fram til å nyta godt trykk og godt vatn.