Bokbåten kjem til Huglo sundag 25. november kl. 12.00 til 14.00. Det vert kulturprogram om bord kl. 13.00. Det er Teateret Fusentast som framfører "Katta og andre strofer", eit figurteater i og rundt Ronzebonsen, eit lite teaterhus med løyndomer og overraskingar, og med eit variert persongalleri. Bokbåten sine program vert til i samarbeid med den Kulturelle skulesekken og får støtte frå Folkeakademiet i Hordaland.
Bøkene som er lånt kan ein levera til Åse eller i Huglabutikken innan 21. november.
Bokbåten ynskjer alle store og små velkommen om bord.