På oppfordring ernher ein av dei mest populære rettane på Havrettsaften:
Ingrediensar til 4-6 personar:
Paideig
3 dl mjøl, 125 g mjukt smør, 2 ss vatn
Fyll
100 g kamskjel
30 g smør
100 g rekekjøt
100 g krabbekjøt
90 g cheddar, reven
3 eg
1 ss kveitemjøl
1 1/4 dl fløyte
1 1/4 dl mjølk
l lita fenikkelknoll i tynne skjever
1 ss reven parmesan
Smør forma godt og lag paibotnen. Rens kamskjela, behald rogna og den kvite muskelen. Smelt smøret i ei steikepanne og fres skjela 2-3 minutter. Avkjøl. Legg all sjømaten i botnen av paien. Strø over cheddarost. Pisk egga, pisk inn mjøl, fløyte og mjølk, smak til med salt og pepar. Hell over fyllet. Strø på fennikkel og parmesan. Steik paien 30-35 minutt i ovn på 225 grader eller til den er stivna og gyllenbrun. Serverast lett avkjølt.