No er arbeidet godt i gang med moloen som skal verta Huglo Båthavn. Ikkje noko å seia på innsatsen, her er det aktivitet til klokka 23 om kveldane! Og så er det opp og start i 7-tida om morgonen, mykje søvn vert det ikkje på dei som jobbar, men arbeidet vert gjort, ausregn eller ikkje. Dei som reiser med ferja, kan sjølv sjå at no er moloen over flomålet, det er å håpa på at småbåtar som kjem til Nordhuglo veit om at her har det vorte eit ekstra nes og at det ligg markørar vidare utover. Det tryggaste er å gå nordenom holmane og følja merkt lysløype innover. Men obs!: Manglar det ikkje ein stake her?
