Til Huglo kjem bokbåten Epost laurdag 11. november. Denne gongen er programmet Alf Prøysen-framsyning med Fred Dalbakk og Anne Persdotter Flugstad. Programmet startar kl. 11.30. Skulen, skulevegen og elevane er tema for framsyninga, med integrering, meistring og mangfall som viktige element. Dette vert levandegjort ved Alf Prøysen sine historier og songar, og tilhøyrarane er aktive deltakarar. Båten vert liggjande til kl. 13.00.
Har du ikkje høve til å vitja båten, kan lånte bøker leverast til Åse før laurdag 11.
Bokbåten skal òg til Falturiltufestivalen på Leirvik med Prøysenframsyninga for dei små og vaksenprogram om kvelden. Då vil forfattar og musikar Atle Hansen syngja eigne songar og fortella historier frå Sunnhordland. Ragnar Hovland vil ha lesestund for vaksne om bord, dette i Leirvik hamn fredag 10. november kl. 18.00. Alle arrangementa er gratis.