Huglo Bygdekvinnelag hadde open strikkekafe med innlevering av strikka Orange sjerf. Bygdekvinnelaget hadde kjøpt garn til 12 sjerf, og medlemmene hadde strikka. 12 sjerf vart levert Frivillegsentralen og vidare til Kirkens Bymisjon – som igjen skal tilby sjerfa til eigne brukare. Alle me andre kan òg kle oss med orange sjerf og slik visa solidaritet og ynskje om eit varmare samfunn..
Aksjonen vert avslutta 31. oktober. Aksjonen har vore landsomfattande, og engasjementet på Stord har vore stort, mykje takka Lise Nordfonn Angeltveit som i haust kjøpte inn 100 kg oransje garn og synleggjorde aksjonen i butikken sin, Kvist og Kvast.
1.november håpar Kirkens Bymisjon at dei Orange sjerfa er sers synlege, Då startar Kirkens Bymisjon sin førjulsaksjon “Gled ein som gruer seg til jul.