Bokbåten Epos kommer til Huglo tysdag 1. mars kl. 17.00 – 18.30. Programmet startar rett etter ankomst, kl. 17.00. Forfattaren Roald Kaldestad og musikaren Roy Ole Førland formidlar den vakre og poetiske boka “269 dagar” av Roald Kaldestad, vakkert illustrert av Bjørn Rune Lid. Boka vert formidla som ei live lydbok, med illustrasjonane på storskjerm, opplesing, musikk og lydkulisser. Framsyninga høver for barn frå 5 år, seier programmet. Men dette høyrast flott ut, og det er inga øvre aldersgrense! Boka handlar om saknet av bestevenen og om regn, masse regn, og om eit nytt håp . . .
Bokbåten var ved siste handsaming av kulturbudsjettet truga med nedlegging, men overlevde denne gongen.
Bøkene de har lånt, kan de levera til Åse eller i Huglabutikken seinast 25.februar.