Sjølvsagt skal me gle oss til jul, og sjølvsagt skal me både pynta og baka smultringer. Men det er eit faktum ikkje til å koma forbi, at i desember brenn det meir enn andre månader heime hos folk. Me veit så godt at det at me “skal bare” der me står over smultgryta eller juledekorasjonen som brenn så vakkert, kan enda med katastrofe. Berre hos andre, sjølvsagt, me skal berre svara den viktige telefonen ein augneblink ………..
Har du sjekka batteriet i røykvarslarane i det siste? Ikkje vent til 1. januar, gjer det no! Og er du klar over at brannslukkeapparata, dei raude du veit, har begrensa haldbarheit? (Året det må skiftast, står på apparatet). Veit alle i familien kor dei står?
Elles: Plasser ikkje levande lys i trekk, og særlig ikkje i nærleiken av gardiner e.l. Plasser brennande lys utanfor rekkevidde for barn og dyr. Flytt ikkje på eit brennande lys, slukk det fyrst. GÅ ALDRI FRÅ BRENNANDE LYS.
For oss som ikkje stoler heilt på eigen hugs, er LED-lys ein god nyheit. Dei er brannsikre, naturtro og kjem i mange storleiker til variert bruk. I utelykta må dei stå på rist av noko slag, dei toler ikkje å verta våte på undersida.
Og hugs å ha lokket til smultgryta for handa.
Så sier me berre: Ha ein strålande advents- og juletid!