Igjen er det endringer på ferjeruta Jektevik – Nordhuglo. Og me reisande er like overraska kvar gong – ingen spør oss kva me, som ferja er til for, ynskjer, Bygdalaget, som er stemma vår ut i omverda, er ikkje tekne med på råd. Me vert ikkje engong varsla om ruteendringar! Kommunale instansar Tysnes-Stord har visst heller ikkje noko dei skulle ha sagt. Ein kan undrast over om ferja er til for at Skyss skal tena penger, eller om dei skal vera til for oss som treng å koma oss til og frå omverda, og likevel ha tid til eit liv heime på Huglo? Igjen: Er det meininga det skal bu folk på Huglo?
Jon Olav Heggland, som er ein av dei som reis til og frå jobb kvar dag, har, på vegne av oss andre og til vår applaus, forfatta og sendt følgande brev til Skyss;
Skyss
Underteikna vil be om at ferjeavgang kl.15.50 frå Jektevik går direkte til Nordhuglo i det nye framlegget til ferjeruter gjeldande frå 01.01.12 i sambandet Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo.
Det er to viktige grunnar for at me vil be om denne endringa i det nye ruteforslaget. Det er omsynet arbeidsreisande og elevar i vidaregåande skule frå Huglo.
Ferjeavgang kl. 15.40 frå Jektevik er den ferja som folk frå Huglo brukar for å reisa heim etter endt arbeidsdag på Stord. Ferjeavgang kl. 15.40 frå Jektevik passar i forhold til arbeidstida på dei store verksemdene som Apply Leirvik, Kverner, kommune, fylke og og andre privat tilsette. 10 minutt seinare ferjeavgang frå Jektevik er tapt tid for ei stor gruppe arbeidstakarar frå Huglo.
Antal elevar i vidaregåande skule og arbeidsreisande frå Huglo som reiser dagleg er 22 personar.
Denne siste ruteendringa må sjåast i samanheng med dei ruteendringane som har skjedd dei siste åra der arbeidstakarar frå Huglo kvar einaste gong har kome ut som ein tapande part i den forstand at me kjem seinare heim. Ein skal ikkje så mange år attende før ferja gjekk kl. 15.30 frå Jektevik. Litt seinare vart den flytta til 15.40 og no til 15.50. Vert det ståande slik har me på nokre få år tapt 20 minutt. Eller vurdert på ein annan måte, reisevegen heim etter endt arbeidstid har blitt 20 minutt lengre. For oss utgjer det om lag 50 % lengre reisetid heim frå Stord til Huglo.
Ei tilsvarande ruteendring har tidlegare skjedd med neste ferje, avgang frå Jektevik kl. 17.00, som også er ei arbeidsferje for dei same arbeidstakarane nokre dagar i veka. Den gjekk tidlegare kl. 16.25 og passa fint då arbeidsdagen varer til kl.16.00. Så vart den flytta til kl 16.50 og no er avgangen.kl. 17.00 frå Jektevik. Tek ein med dei fem minuttane som ferja no ventar på Hodnanes har arbeidsreisande til Huglo no fått 40 minutt lengre reisetid heim med ferjeavgang kl. 17.00 frå Jektevik.
Den andre gruppa som også vert råka av den siste rutendringa, er elevar i vidaregåande skule . Vidaregåande skule sluttar kl. 15.00 og vil med denne rutendringa få tilsvarande lengre reisetid til Huglo. Elevar i vidaregåande skule frå Hugo har lang nok reiseveg frå før og har ein krevande arbeidsdag med lekser etter at dei har kome heim. Me meiner at omsynet til desse elevane må vega tungt når Skyss vurderer ruteendring for ferjeavgang kl.15.40 frå Jektevik.
Gode og tenlege ferjeavgangar til og frå Huglo er ein svært viktig del av grunnlaget for å oppretthalda busetnaden på øya. Den utviklinga som ferjeavgangen 15.40 representerer er eit godt døme på ruteforandringar som har svekka Huglasamfunnnet. Det gjer det mindre attraktivt å bu på Huglo og arbeida eller gå på skule på Stord. Derfor vil me på det sterkaste protestera mot ei ytterleg forverring av reisetilbodet vårt.
Me tar det for gitt at Skyss har som målsetjing å skapa best mogleg reisetilbod til dei reisande i regionen. Det som undrar oss litt er måten desse endringane skjer på. Endringane skjer ikkje i samarbeid eller forståing med oss som brukarar av desse tenestene. Me får ikkje høve til å uttala oss i forkant og koma med våre innvendingar. Huglo Bygdalag som er vår stemme inn mot Skyss, vert ikkje informert eller får høve til å uttala seg som høyringsinstans. Det er reint tilfeldig at me no har fått vita om denne ruteforandring. Denne måten å arbeida på som Skyss her viser, gir ikkje grunnlag for eit godt samarbeid og skaper ein unødig avstand mellom Skyss og oss som brukarar.
Me vil be om at ferjeavgang kl. 15.50 frå Jektevik i det nye framlegget går direkte til Nordhuglo.
Dette burde vera ei enkel ordning å få til. Går 15.50 – ferja direkte til Nordhuglo kan ferjerutene haldast og korrespodanse med buss kan gå som planlagt.
Med helsing
Elevar i vidaregåande skule og arbeidsreisande frå Huglo
Jeg har forståelse for meiningane til dei reisande til og frå Huglo. Men dersom ynskjet de her kjem med vert teke til følgje, vert det til dømes umogeleg for dei arbeidsreisande til og frå Tysnes og rekka å henta born i barnehagen før stengetid kl 1630. Noko eg trur ca. 80% av dei reisande på sambandet ikkje vil synes noko om. Ein anna sak er at skuleelevane frå Tysnes reiser om Huglo om morgonen, er det då rett at dei skal reisa om Huglo på ettermiddagen og? Sjølv om Ferja går via Hodnanes på heimvegen er nok Huglingane heime før dei fleste som reiser til Tysnes fordi reisetida med buss til td. Våge er noko lenger en det tek og køyra over Huglo.
Som skuleelev på Stord så skjønner jeg ikke hva problemet er for at Huglo kan få beholde ferga som i dag. Er det ikke John Martin Dale som er dagpendler fra Tysnes som syter å klager over ferga så er det jaggu ansatte som gjør det. Tysnesingene blir ALDRI fornøgd uansett hva som blir gjort. Hystad burde holdt seg for god til å kommentere innlegget siden han jobber på fergen, har ingen gode argumenter for at ikke ferga skal gå som i dag. Han nevner feks. at arbeidsreisende ikke rekker å hente barn i barnehagen visst ikke rutetida blir endret…. Hvordan gjør de det i dag da? Må barna sitte ute og vente til foreldrene kommer? Spiller det noen rolle om skuleelevane må være med til Huglo to ganger i løpet av en dag? Lekser kan gjøres på ferga….La oss snu på flisa og søke til Skyss om at Tysnes får de avgangene til/fra Jektevik som Huglo har pr. i dag og la Huglo få avganene til/fra Jektevik som Tysnes har pr. i dag…… STÅ PÅ HUGLO…..
Hilsen skuleelev med hytte på Huglo…
Jeg har ingenting i mot at fergen skal gå som idag, Hadde brevet jeg her har kommentert inneholdt den løsningen hadde jeg ikke sett problemet.Budskapet i brevet til Skyss slik jeg oppfatter det er at de Ønsker en direktetur fra Jektvik til Huglo kl. 1550 . Det jeg synes opplagt var at dersom det blir ruteendring til 1550 fra Jektevik og at den turen går om Huglo. Så kan det bli problemer for Tysnesingene, som ikke folk fra huglo får. Fordi dersom fergen går først til Hodnanes vil den være der ca. kl 1600. men om Huglo vil den være på Hodnanes ca. kl 1615. kjøretid til td. Våge er 20-25 min. Derfor er den forskjellen litt viktig. Og dersom løsningen på egne problemer er å lage ennå større problemer for ennå flere personer. Så får Jorunn Amundsen mene det. Men hun bør ikke blande kortene. For mitt arbeid på fergen har dette ingenting og bety. Det er Skyss og Tide som fastsetter rutene. Jeg har ikke noe med det. Men syns jeg må få lov å ha meninger som andre.