Kva er det med Huglo?

I desse dagane, med storm frå nordvest, lyn og torden, isete vegar og regn på tvers, kan ein ikke la vera å undra seg:  Kva er det med Huglo som held folk her, og endatil tru at det skal koma fleire å busettja seg her?  Når me veit at akkurat når stormen tar godt tak i husnova og katta plent nekatar å gå ut, ligg andre stader på jorda bada i sol og varme, der er det T-skjortever og mjuke, varme kveldar som innbyr til å sitja ute i mørkret og sjå på sternehimmelen?  Kvifor gjer me ikkje som dei kloke trekkfuglane, og drar sørover når hausten gjev dei fyrste signala til oppbrudd?  Her vert me endatil motarbeida både av kommunebudsjett og Skyss, som igjen vil gjera det tyngre for huglarane å koma seg til og frå innanfor grensene til byen Stord?

Gode huglarar, gjer bruk av mogligheita for å skriva kommentarar til nettsida vår:  Kvifor bør fleire folk busetja seg på Huglo?  På denne årstida er eg tom for gode argumentar!

Bileta er tatt frå den eine dagen til den neste fyrst i desember.