
Dersom “budeia” ikkje finn spenene med ein gong, tar armen seg ein tur bort på svampen oppe til høgre på biletet og vaskar auget sitt
Så går porten opp og kua går ut. Då seier tavla “Etterarbeide”, dvs at mjølkebåsen vert spylt og port opna for neste ku, som har datainformasjonen sin i ei lita brikke festa i øyret. Og den smarte budeia hugsar posisjonen på spenene for kvar einskild ku frå gong til gong. Budeia hugser òg når kua vart mjølka sist, her går det etter klokka, ingen sniking til litt ekstra kos.
Og skulle så gale vera – og med samanbrotet i Huglabutikken sitt dataanlegg i friskt minne veit me at slikt skjer – veit servicefirmaet at her står det om dyrevelferd, kyrne MÅ melkast og her nyttar det ikkje lenger med handarbeide. Så avtalen er at innan 12 timar skal alt vera på stell igjen her.
Me sender ein førebels stor gratulasjon til Øystein og me ventar på innviingsfesten om ca. 2 månader!