Huglo Bygdekvinnelag (17 medlemmar) var spurt frå sentralt hald om laget vårt kunne arrangera bygdekvinnestreifet for alle laga i Sunnhordland denne sesongen.Og det kunne me! Alle i laget som var heime, sto på og planla noke av det som Huglo hadde å visa fram, arrangerte buss, kokte og pynta bord i gymsalen. Og rydda etterpå.
Det kjentest litt overveldande at 62 hadde meldt seg på, så mange at flokken måtte delast i 3 puljer etter samlinga for alle i Omnshuset og ein orrientering om Huglo på tunet til Bygdahuset. Alle fekk sjå Sørhuglo og gards- og garnbutikken, og Myrvoll Gard, og alle fekk nydeleg middag og kaffe og kaker. Det vanka mange godord om opplegget, og den vanlege replikke var: Her vil me koma tilbake!
Takk til alle som hjelpte til å setja Huglo på kartet, og takk til dei som tok turen på laurdag!
Det er fleire bilete på facebooksida til Huglo Bygdekvinnelag