Sist veka hadde CISV Sunnhordland leir på Huglo skule. CISV er ein internasjonal fredsorganisasjon som arrangerer fredsutdannande aktivitetar. Leiren har vore for ungdom frå heile landet i alderen 16 -18 år med 18 deltakarar. Temaet for leiren har vore verdiar. Kva verdiar er det som er viktige i samfunnet og korleis kan ein bidra til at desse vert styrka? Leirdeltakarane hadde ein livesending på facebook der dei synte kva dei hadde jobba med i løpet av veka.
Leirsjef Eirin Skaftun seier at dei har kost seg med å vere på Huglo. Dei har følt seg godt teke imot av både bygdelaget og butikken. Innimellom programmet på leiren har det vore tid til bading, volleyball og pizza på Myrvoll gard. Skafttun seier dei er svært nøgde med opphaldet på Huglo.
Denne veka er det CISV Os som arrangerer leir på skulen. Ønskjer dei velkomne til Huglo og vonar dei får fine dagar.