I slutten av 50 åra skulle eg føra ein hingst over Langenuen til Nord Huglo. Eg hadde då ein åpen Dorri 32 fot med 6/12 hk Sabb i, den brukte eg til å frakta diverse materialer og utstyr til og frå Huglo. Ein dag fekk eg eit oppdrag å føra ein hingst over fjorden i frå ”Grovalande” som me seie. Det var ikkje noko bryggje eller kai som eg kunne leggja inntil, så det var berre rett i benje. Det var ikkje noko problem å få hesten om bord, han kom so villig, trødde på rekka og hoppa ned i båten. To mann var med og skulle halda styr på han. Men ikkje langt på fjorden kommen, fekk me ein overraskelse. Englandsbåten ”Leda” kom med sine 22 knop sør nuen.
Det var ingen livdaplass så me kunne skjula båt og last. Dei som hugsar ”Leda” veit kor mykje sjø den la opp. Me måtte berre ta det som det kom. Dei to tre første bølgene tok hesten fint, han kneggja og sparka i bordgangane med framhovane. Når så dei store bølgene kom, blei det verre. Grovarane kav på for å halda han nede, det såg nemleg ut som om han ville hoppa på sjøen. Men så reiste hingsten seg på to, med heile sitt velde og veifta til Englandsbåten med minst to framføte. Der stod mykje folk ved rekka på ”Leda”, og det skulle våre løye om der ikkje var nokon som tok eit bilete frå denne scenen. Men hos meg står den prenta som eit sterkt bilete.
Men det høyrer noko meir til frå den turen. Når me då la til ved Samsons bryggja, var hingsten ikkje strengt beden til å gå på land. Det var tydeleg han visste kva ærend han hadde på Huglo. Når så dagen var på hell, og ein skulle ta på heimveg at, var ikkje hannhesten til grovarane det minste interessert i det. Han bles i nasa og sparka med framføtene. Johannes og Lars Grov hadde si fulle hyne med å roa han ned. Dei bala med stokkar og tau, men ikkje talom at han skulle om bord i båten att.
Langt om lenge, etter mykje skrål og skrek, så var han komen ut på kai kanten. No var det veldig fint å stiga om bord samanlikna med når han gjekk om bord på Grov. Han stod der å frøst, best det var så hoppa han tvers over båten og på sjøen på andre siå. Grovarane fekk tak i grimene og fekk losa han opp i stranda. Der som ein no står som første bil og skall ombord i ferja på Nord Huglo. Hannhesten slakna godt av etter dokkarten, og turen vidare foregjekk heilt normalt.
Tekst: Nils K. Sortland
Høyrest ut som det ikkje berre var Hesten som var “spreke” her!
Ein flott historie onkel!!! Eg huskar godt Dorrien!
Skulle gjerne sett bilde av han som vinka…