Rådmannen fremjer ekstraordinær budsjettrevisjon for formannskap og kommunestyre. Saka skal opp i formannskapet 6.mai.
Bakgrunnen for saka er først og fremst at Stord kommune har eit akkumulert underskot på 12,8 mill kr som må dekkast inn over 2010-rekneskapen om kommunen skal unngå oppføring i register for betinga kontroll, Robek-registeret.
For Huglo, dersom rådmannen sitt forslag vert vedteke, er dei mest merkbare følgjer at Huglo skule vert lagt som ein underavdelig til Rommetveit skule, dvs at det ikkje vert tilsett ny rektor, det vert ikkje ny asfalt på vegane og det vert kutt i heimehjepstjenesten for låge og middels brukare.
Heile saksutgreiinga og rådmannen sitt framlegg til innstilling i saka kan ein lesa på kommunen si nettside (lenkja nederst på sida).