Like utruleg kvart år: Kor kjem det frå, alt me ikkje treng, alt me har bytta ut med noko nyare, meir moderne, meir effektivt, meir komfortabelt? Ei skræmande mengde kvart år – ja, for det er berre eit år sida me hadde like mykje me ville bli kvitt. Er det bruk-og-kast samfunnet me ser? Kjøper me altfor mykje me ikkje treng, som vert ståande og rusta/rotna/verta eten av mott/som ungane verks frå eller som me ikkje likar lenger? Men når dette er sagt, er det bra med ein ryddedag der me vert kvitt alt som elles hadde verta ståande i kjellaren eller bak i hagen eller hadde vorte smugla ut i naturen og etterlatt der. Nå er Huglo rein og fin og klår for 17. mai.

Stikkord: ryddedag 2014Søppel
Del dette innlegget