SIM melder at tilbodet til alle som bur på Huglo om å kvitta seg med gamalt skrot i år er laurdag 30. april kl- 9.30 – 12.00. Som vanleg vert oppsamlingsstaden ferjekaien på Nord-Huglo.
SIM tek imot elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall, og anna avfall som ikkje får plass i bosdunken.
Det er ikkje høve til å levera bygge- og rivingsavfall.
SIM seier at den som leverer avfall, må sjølv plassera det i konteinaren – men treng du hjelp, får du det sikkert.
Røynsle frå tidlegare aksjonar sier at det visst aldri er mangel på ting me vil kvitta oss med!