Det var ikkje Sjøormen

Slangen

Laurdag middag varsla ferja om at det var noko stort som kveila seg ved stakane i innseglinga til Huglo.  Minst 100 meter langt dukka det opp or sjøen i fine bogar.

Etter ein rask båttur synte det seg at det var ein slange av PVC, tung og stiv og ikkje noko for småbåttrafikken å renna på.  Med litt strev vart slangen taua inn til stranda og fortøyd i begge endar.  Og der ligg den.  Kva kan dette vera, og kvem eig denne “sjøormen”?  Breivikjo er ikkje noko blivande stad for han!