Fekk du kasta den gamle raude lenestolen, den som katta hadde kvest klørne på, i fjor? Ikke det? Nå har du ein ny sjanse. Det vert stor ryddedag på Huglo
laurdag. 28.april
Konteinarane frå Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS kjem med ferja kl 9.15. Det vert sortering, eigen conteinar til elektro-avfal, kuldemøblar, farleg avfall, og så ein til skrot du ikke får plass til i bosdunken. Hageavfall tek dei ikkje, det må du verta kvitt på anna måte, og heller ikkje byggje- og rivingsavfall.
Informasjonsskrivet seier at du sjølv må plassera avfallet i konteinaren, men det har aldri vore noko problem å få hjelp.
Konteinarene forsvinn med ferja kl. 12.10, så her må ein vera ute føre kaffepausen kl 12.