Vel 40 quizarar, alder frå tidleg barneskule til langt etter pensjonering, vart leia av ein myndig Lars Olai gjennom varierte og morosame spørsmål på fredagskvelden.
Moro fordi spørsmåla var så varierte at alle deltakarane på dei 8 laga kunne koma med innspel til svar, god tid til å tenkja og kanskje prata litt òg, og då fasiten vart lest opp, hjalp korkje protestar eller forhandlingar: Lars Olai hadde svara og dermed punktum.
To lag endte på same poengsum, og fekk dela premie.
Og alle var einige om at det hadde vore ein fin kveld.