Huglo har fått sin eigen gardsbutikk!

Gardsbutikk er veldig “in” for tida.  Nå har Huglo fått sin eigen gardsbutikk, på Fredheim Gard på Sørhuglo.  Turid har kasta seg på trenden og utvida assortementet litt, slik at det ikkje berre er ein garnbutikk.  No har ho som før godt utval i rimeleg garn frå Drops, med oppskrifter og idèar, ho har produkt i skinn og lær, interiørvarer frå Ib Laursen og hudpleieprodukt frå Avena.  Kanskje utvidar ho utvalet vidare, til såpe-produktar t.eks.?

IMG_5047                                                             Eit utsnitt av garn-utvalet

Ho har i alle fall verdas beste gjærbakst!  Og kafeen er varm.   Så vil du handla, eller berre sjå, prata og kanskje få litt inspirasjon,  eller du kjem på at du skulle hatt ei gåve, kan Gardsbutikken vera rette plassen.

Skinnputer og interiørprodukt
Skinnputer og interiørprodukt

IMG_5052 (2)