Den viktigaste dagen i året?

I morgon er det 1. oktober – starten på hummarfisket – for mange Dagen med stor D.  Kanskje ikkje så viktig som for nokre år sidan, den gangen det var hummar å få i teinene!  Dei siste åra har det heller vore skralt, men spenninga er der enno.  For ikkje å snakka om konkurransen!  Kvem får dei beste plassane til teinene sine, og kvem gissar rettest om kvar hummaren finst?

Heilt sidan august har dei ivrige samla og salta agnfisk, hummaragn skal STINKA!  Skjema for registrering er utfylt, merkinga av vaka er oppfriska med sprittusj, teinene er skorne i stykker og sydd att med bomullstråd (ikkje tjukkare enn 2,3 mm!) og teinene er agna og lasta i båten.  Her gjeld det å vera fyrstemann ut og få teinane i sjøen frå presis kl. 08.00 i morgon.

Kystvakta har allereie vore ein runde rundt Huglo, og nokon saknar teiner som kunne mistenkjast å vera for tidleg sette hummarteiner, sjølv om eigaren berre hadde sett etter krabber.  Men det fins det ikkje merking for, ikkje for å merka opninga med “Adgang forbode for hummar” eller merke på vaket “Dette er berre ei krabbeteine”.  Kystvakta tenkjer kva dei sjølv vil, dei.  225 teiner forsvann i aksjonen dei hadde på Tysnes og Stord tidlegare i veka.  Men no er det altså 1. oktober!

Dette biletet er frå 2012. Då fans det hummar, då!