Dugnad på gravrøysa

Dugnadgjengen med kaffepause

No nærmar Den Store Dagen seg!  11. september, med offisiell opning av gravrøysa frå bronsealderen, på Homandehaugen, og same dag er óg Kulturminnedagen, då Huglo tek del i konkurransen om beste historiske tilskiping.  Men enno trengs det ein del ryddearbeide av små og større vekstar i og rundt røysa.  Fyrstkomande laurdag vert det igjen dugnad, og denne gongen er det ein del lett arbeide også, altså ikkje av typen motorsag.  Ta med stor eller liten hagesaks og/eller anna hagereidskap – og kanskje ei hyggelig matpakke.  Det vert sikkert tid til ei kaffepause!  For dei som ikkje har vore med før:  Kjem ein med bil, kan den parkerast der det før var “hundepensjonat”, så går ein vegen vidare til parkeringsplassen på hyttefeltet, der tek ein av til høgre og fyljer den fint rydda stien fram til gravrøysa.  Starten er kl. 10.30, men kom når du kan.

Vel møtt!  Spørsmål?  Ring Eline, tlf. 53495633.