Dei siste 4 dagane har det stått ein sveitsisk bobil på ei hyttetomt på Nordhuglo. Kor kom dei frå, og kvifor kjørde dei i land på akkurat Huglo, to godt vaksne og to store bikkjer? Dei fortel at dei kom frå Ungarn, via Sverige, og skulle sjå Vestlandet. På kartet hadde dei oppdaga ei øy som heitte Huglo, og sidan mannen sitt namn er Hugo, kjende han det nesten som det var “hans” øy. Så dei kjøyrde i land, spurde etter “campingplass med straum” – og det fekk dei! Fiske fekk dei og, fyrst med Kjetil som skulle ut og få seg pala til fiskesuppe – og då fekk dei “grosse Fishe” og så i leid båt, men då utan fangst. Men Huglo er slik ein triveleg plass, seier dei, så her vil dei vera i fleire dagar. Berre kom til Huglo, turistar!
Stikkord: turisme
Del dette innlegget